Aktuelle alternativer
Detaljer
LUTT litteraturer ein ny litteraturfestival i Sunnfjord, utvikla i samarbeid med Luttfest.
Festivalen vert arrangert for første gong i 2021, på fleire scener kring om i Sunnfjord.
Fjaler er først ut med førfest i Jakob Sande Løa onsdag 29. september ( utsett frå 11. april grunna gjeldande korona-restriksjonar )
Tore Renberg kjem til Fjaler med heile sitt litterære univers i kofferten. Som lesarar vert vi glade i folka i bøkene hans. Når han går på scena saman med sin faste makker på gitar,Alexander Flotve, er det aldri godt å vite kven som dukkar opp. Både familien i Kompani Orheim og røvarane i Hillevåg-gjengen har ein tendens til å stikke innom, særleg den gjengen er ivrige denne bokhausten, med fjerde bandet i Texas-serien, Assalamu Alaikum, akkurat ute.
I Tore Renberg sin siste roman "Tollak til Ingeborg" er det ein stri, gammal kar som vert skriven fram. Tollak har mykje på hjartet, men teier seg sjuk i forteljinga si. Å gå gjennom livet utan å kunne snakke med sine næraste om det vesentlege er vel ikkje heilt ukjent i våre trakter, heller. Noko å lære av Tore sin Tollak, då, denne kvelden.
I samarbeid med Luttfest og Rom for ord Servering og signering i floren.