star
star
star
star
star

Kvinnandalen

Dette er ein ikkje så kjent turveg opp til Kvinnandalen i Kviteseid. Turen startar i Dalane på fylkesveg 452, og følger ein gammal traktorveg opp Kvinnandalsskotet. Det har vore støylar oppe i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 873963
Ein parkerar nede ved avkjørselen frå fylkesveg 452. Pass på å ikkje hindre ferdsel og skogsdrift i området.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
4 timer
Lengde
2.6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein ikkje så kjent turveg opp til Kvinnandalen i Kviteseid. Turen startar i Dalane på fylkesveg 452, og følger ein gammal traktorveg opp Kvinnandalsskotet. Det har vore støylar oppe i Kvinnandalen i lang tid, og det finnes fleire gamle klauvvegar i området, men denne vegen er den mest farbare og lettast å finne. Han vart mellom anna oppgradert og nytta ved bygginga av kraftlina som går gjennom dalen.

Det fyrste stykket går langs skogsbilveg, og fortsett så på den gamle traktorvegen litt nedanfor høgspentlina. Det kan være nokså attgrodd, men den skal ikkje være så vanskeleg å finne. Så er det berre å følge denne vegen oppover juvet. Eit par stader øvst i juvet har vegen rasa ut. Vær veldig forsiktig her, og gå i god avstand på oversida av rasstaden. Det er svært bratt og grunnen er laus.

Oppe i Kvinnandalen opnar landskapet seg opp at, og ein ser utover eit lite vatn med Kvinnandalsstaulen bakenfor. Her går det an å fiske, om ein ønsker litt småfisk i steikepanna. I vestenden av vatnet er det ein liten rasteplass med steinar til å sitte på, og det er også ein utedo ca 20 meter frå vatnet. På nordsida av vatnet kan det også være fint å telte. Vær merksam på at det er mykje hoggorm i området.

Juvet er djupt og snøen ligg lenge, men vegen bør vere nokolunde farbar frå midten av juni.