star
star
star
star
star

Kulturhistorisk løype i Vik - Vikøyri

Kulturløypa i Vik byr på ein rundtur i Vik med til saman 15 info-tavler. Turen går gjennom Vikøyri og noko vidare opp i bygdi. Vik er ei gamal tradisjonsrik bygd, og du vil få innblikk i Vik si...
Foto: Karen Weichert

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 832956
Turen startar ved fjorden i Vik sentrum. Hit kan ein køyre frå ferjeleiet på Vangsnes eller over Vikafjellet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kulturløypa i Vik byr på ein rundtur i Vik med til saman 15 info-tavler. Turen går gjennom Vikøyri og noko vidare opp i bygdi. Vik er ei gamal tradisjonsrik bygd, og du vil få innblikk i Vik si historie.

Løypa vist her omfattar dei 11 stasjonar nede i Vik sentrum. Teksten er eit kort utdrag frå tekstane som står på dei ulike informasjonstavlene.

Vikøyri er namnet på området mellom elvane Vikja og Hopra. Vikøyri har ei soge som skil seg mykje ut frå resten av bygdi. I 1900 budde det 464 menneske på denne strandsitjarstaden. Les meir om Vikøyri hjå Fylkesarkivet: www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=374

Frans Olsen var ein av dei største originalane og personlegdomane Vik har hatt. Han laga seg ein bukkeskinnsdrakt som det lukta sterkt av. Frans dreiv musikkskule, komponerte sjølv og putla med handel.

Frelsesarmebygget og garveriet var to store bygg sentralt på Vikøyri. Det var skinn og lar som vart garva. Ebenezer, det gamle Frelsesarmebygget i Vik, høyrde opphavleg til ei metodistisk sekt og vart bygt i 1895.

Kart frå 1915 viser alle dåverande hus på Øyri og kven som budde der.

Brannar på Vikøyri: Den 16. juni 1838 byrjar det å brenne hjå ein handelsmann på Vikøyri. 294 hus strauk med og 81 huslydar med 333 personar vart huslause. 19. januar 1922 braut det ut brann i ei varebu. Det var sterk vind, og 33 hus brann ned.

Stortinget var ein av fleire samlingsplassar på Vikøyri. Etter at folk hadde fatt seg radioar, var det mange som for heimatt nar det var nyhendesendingar, og sa kom dei att og fortalde dei andre siste nytt.

Dette minste huset på Vikøyri vert kalla Fiske-Guri-huset etter Guri Jonsdotter Vikoren (1845-1929), ho budde i huset til ho døydde.

Her stod tidlegare Vik Bedehus frå 1891. Huset vart nytta til religiøse møte, basarar, foreiningsmøte, losjemøte, juletrefestar, bønemøte, gravferder, konfirmantundervisning osv. Les meir om Vik Bedehus hjå Fylkesarkivet: www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=19219

Voss-Anders-huset frå 1879 er einaste attverande huset på Vikøyri som har bustad i eine delen og sauefjøs i den andre. Mange hus på Vikøyri var slik innreia.

Området på austsida av elvi Vikja vert kalla Vetløyri eller Seimsøyri. Her låg mange naust ned mot sjøen i si tid. På Vetløyri var det også slakteri og trevarefabrikk.

Borgstova vart bygd i 1864 og høyrde til garden Sjøtun. Borgstover fanst på mange gardar. Husi vart nytta som bustad for tenarane.