Konsertversjon av musikalen "Livet i låglandet"

Vel møtt til konsertversjon av "Livet i låglandet"! Svanøy Folkeakademi ynskjer å invitere deg til ein konsertversjon av musikalen "Livet i låglandet" - ein feelgood musikal om mannens...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

14.jul
2022
kl 17:00

Detaljer

Vel møtt til konsertversjon av "Livet i låglandet"!

Svanøy Folkeakademi ynskjer å invitere deg til ein konsertversjon av musikalen "Livet i låglandet" - ein feelgood musikal om mannens mørke.

"Livet i låglandet" er bygd på Andreas Engebø sitt tekstunivers, samla og tonesett av Halvard Husefest Lunde. Historia finn stad i den fiktive postkort-bygda Jammerdalen. Her har familien Jammerdal levd og virka i mannsaldrar, i og av naturen.

Vi møter Kathinka som bygde opp garden og dreiv den som eit mønsterbruk. Sonen Jonas er i ferd med å drikke seg frå gard og grunn og sel jorda stykkevis. Dottera Eva kjem tilbake frå byen i håp om at det skal vere noko igjen å arve.

Muntre låtar i moll og triste melodilinjer i dur. Det er kjerna i Halvard Husefest Lunde sine komposisjonar. Ved å opne avgrensande musikkbåsar opnar han tekstane også og skaper rom for undring.

På Kulturlåven på Svanøy Hovedgård får du konsertversjonen av musikalen.

Du får høyre 18 av totalt 20 låtar, berre seks av dei så langt utgitte.

Konsertversjonen er ei VIP-oppleving. Ein musikal er i ferd med å bli skapt, og du får vere med på reisa.

Sjå facebook sida Ein musikal blir til for meire informasjon.

Dato og tid for konsertstart:

Torsdag 14.juli: kl 18:30 (dørene opnar kl 18:00)

Fredag 15.juli: kl 18:30 (dørene opnar kl 18:00)

Laurdag 16.juli: kl 17:30 (dørene opnar kl 17:00)

*Konserten på torsdag og fredag er tilpassa eksisterande båtruter frå og til Florø.

På laurdag set vi opp taxibåt frå Svanøy kl 21:30. Den har stopp i Veiesundet og i Florø. Billett til taxibåten bestillast også på TicketCo.

Billettpris:

Vaksen: kr 310,-

Vaksen som er medlem i SFA: kr 260,-

Born under 16 år: kr 100,-

Vel møtt!

Praktisk info

Enjoy-kode: 268664
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker