Konsert med Joakim Solbakken

Velkommen til konsert med Joakim Solbakken i Fjelly! Joakim Solbakken er songar, låtskrivar, bonde og ikkje minst småbarnsfar som lagar songar i augeblinkens gylne stund. I farten, på vegen, på...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.Apr
-
8:00pm

Detaljer

Velkommen til konsert med Joakim Solbakken i Fjelly!

Joakim Solbakken er songar, låtskrivar, bonde og ikkje minst småbarnsfar som lagar songar i augeblinkens gylne stund. I farten, på vegen, på trammen eller i fjøsen.

Joakim debuterte som soloartist med låta “Ragged” i mars 2022. Den vart lista på NRK P1 og fikk god respons.

Joakim sitert i Hallingdølen: «Ein får fart på skrivinga når ein føler mykje. Sjå på Johnny Cash, der er det mørke og humor om kvarandre, seier han.”

Som liveartist har han årevis med erfaring frå bandet Humming People. Konserten på Fjelly er ein del av lanseringa av hans fyrste soloplate "In the valley". Songar om å gå frå gut til mann, sakn, venskap, dei heilt gylne augeblinkane, glimt av vår på Jordheimsmyran i Hemsedal og mykje, mykje kjærleik.

Joakim kjem åleine denne kvelden, men med ein god gjeng gitarer og med eit par bidrag frå lokale Lærdals-krefter skal vel dette ligge an til å bli en ganske så fin kveld “In another valley’!

Dørene opnar 19.30, det vert høve til å kjøpe øl, vin og snacks både før og etter konsert, og dermed byr me på ekstra stemnnng i Fjelly i kveld!

Praktisk info

Enjoy-kode: 109224
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.