Konsert med Ingrid Standal Sørheim og Henrik Nordtun Gjertsen (NB!! Ein må vera busett i Ulvik for å kjøpa billettar).

Folkemusikkduoen Sørheim/Gjertsen er klare for å igjen tilby publikum ei ekte konsertoppleving etter at konserttilbodet har vore reservert strøymeplattformane i lang tid. Duoen består av Ingrid...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
15.mai
2021
kl 19:00

Detaljer

Folkemusikkduoen Sørheim/Gjertsen er klare for å igjen tilby publikum ei ekte konsertoppleving etter at konserttilbodet har vore reservert strøymeplattformane i lang tid. Duoen består av Ingrid Standal Sørheim (24) frå Norheimsund på durspel og Henrik Nordtun Gjertsen (21) frå Sandnes på fele og hardingfele, begge folkemusikarar med utdanning frå høvesvis Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskule. Etter sporadisk samspel i fleire år, gav koronapandemien dei endeleg moglegheit til å vidareutvikla eit fruktbart, musikalsk samarbeid.

Duoen hentar det musikalske repertoaret sitt frå Vestlandet, og har ein særskilt lidenskap for slåttane frå Hardanger. Sørheim/Gjertsen er kjent for å utforska nye grenser i møtet mellom hardingfela og toradaren, og under konsertar flettar dei musikken saman med gode historier. Gjennom drivande springarar frå Suldal, heseblesande hallingar frå Strandebarm og vakre, lyriske melodiar tar musikarane med seg publikum på ei kjensleladd reise. Det kriblar i både lattermuskulaturen, tårekanalane og dansefoten når Sørheim/Gjertsen står på scena!

Ingrid Standal Sørheim – durspel Henrik Nordtun Gjertsen – fele og hardingfele

Praktisk info

Enjoy-kode: 257503
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.