Konsert med Hegg/Askvik/Karlsrud

Silje Hegg er hovudgjest i konserten i Fjelly denne kvelden. Med på «laget» er Matias Askvik på bass og Tom Karlsrud på trekkspel. Silje kjem frå Vinje i Telemark, men har slektsrøter og...
08.mai
-
kl 19:00

Detaljer

Silje Hegg er hovudgjest i konserten i Fjelly denne kvelden. Med på «laget» er Matias Askvik på bass og Tom Karlsrud på trekkspel.

Silje kjem frå Vinje i Telemark, men har slektsrøter og familienamnet sitt frå Borgund. Ho er mest kjend som utøvar på seljefløyte, men spelar også andre typar fløyte. Silje er utdanna folkemusikar ved akademiet på Rauland. I forbindelse med desse studiane skreiv ho våren 1998 oppgåva «Spelarar og folkemusikk i Lærdal». Her skriv ho om mange av Lærdal sine kjende og ukjende spelemenn (og ei kvinne). Oppgåva gjev også ei god oversikt over kva som finnast av relevante lydopptak og notenedteikningar i dei ulike folkemusikkarkiva. Ho er såleis den einaste (me kjenner til) som har gjort eit systematisk arbeide kring Lærdal sin rike folkemusikkarv. (!)

Matias Askvik (også kjend som «bakaren på Steinklepp») er scenograf og musikar. Han er i ordets rette forstand ein allsidig type, og som musikar har han ei stor interesse for både jazz og folkemusikk. Tom Karlsrud er no vertskap i Fjelly og dukkar også denne kvelden opp og dreg litt i belgen...

Musikken på konserten vert folkemusikk frå ulike delar av landet, hovudsakleg frå Telemark og Sogn. Programmet er ikkje «heilt klart» enno, men den som kjem får sjå (og høyra)

Velkomen!

Praktisk info

Enjoy-kode: 277423
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.