Katteblues // Værlandet ungdomshus

KATTEBLUES - eit bluegrasseventyr«Katteblues» handlar om to einsame skapningar som finn kvarandre og startar eit skikkeleg tøft band: ei mus og ei kjette. Dei er svært forskjellige, og vennskapen...
08.apr
-
kl 18:00

Detaljer

KATTEBLUES

  • eit bluegrasseventyr«Katteblues» handlar om to einsame skapningar som finn kvarandre og startar eit skikkeleg tøft band: ei mus og ei kjette. Dei er svært forskjellige, og vennskapen vert sett på hard prøve. Musa likar reglar. Han heng stadig opp lister med reglar - veldig viktige reglar - for å få samlivet med ho der katten til å fungere. For eksempel: Det er ikkje lov å ete sin beste venn.

Men tilværet på den støvete landevegen er hardt. Skal ein følge alle reglar, er det ikkje sikkert at ein får så mykje mat i magen. Handlinga går ut på å leve med forskjellar og ulike ønske. Det er lov å gjere feil, men kan ein få tilgjeving sjølv når ein har gjort det verst tenkelege?

«Kattelues» er ei musikalsk framsyning med blues og bluegrassmusikk. På scena står skodespelar Idun Losnegård og distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og dei er heilt avhengige av hjelp frå publikum for å skape den riktige stemninga og drive historia framover.

Framsyninga høver for born frå 4 år og oppover. Framsyningslengd: 45 min

Kunstnarleg lag

Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt Musikalsk univers Idun Losnegård og Jakob Wyrtz Idé, konsept og visuelt uttrykk Cecilie Grydeland Lundsholt Visuell konsulent Marianne Stranger

Medverkande Idun Losnegård og Jakob Wyrtz

«Katteblues» er produsert av Teater Vestland i samarbeid med Sunnfjord kulturskule.

Praktisk info

Enjoy-kode: 984434
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo