Julelegender:2021 i Ansgarkapellet

Me er tilbake! I fjor blei Julelegender koronaavlyst, men i 2021 speler me igjen i vakre Ansgarkapellet utanfor Kristiansand. Julelegender:2021 - bli litt som barn igjen! Høyr ei god historie og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.des
2021
kl 18:00

Detaljer

Me er tilbake! I fjor blei Julelegender koronaavlyst, men i 2021 speler me igjen i vakre Ansgarkapellet utanfor Kristiansand.

Julelegender:2021 - bli litt som barn igjen! Høyr ei god historie og nyt fine songar. Så enkelt er det. Ein fin time før jul, utan stress.

Sidan 2009 har Kjell Inge Torgersen invitert til skuldersenkande og annleis opplevingar. Kvart år byr han publikum på ei ny forteljing og ny musikk. Så kom og få ei god historie - og både ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.

"Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling i Majorstuen Kirke Cappella Johannea i går kveld."

"Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!"

"Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant." - Moster Amfi.

"Befriende julestund med dristige tolkninger." - Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.

BILLETTAR

Billettar kjøpast her på LinTicket – eller du kan kjøpe spesialtrykte billettar i forrektigt papir i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan óg ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

KRISTIANSAND // SPELEPLAN (2 forestillingar i Ansgarkapellet)

Kjell Inge Torgersen inntar Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell utført av kunstnar Kjell Nupen, som ligg på områda til Ansgarskolen. Me køyrer doble forestillingar – og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert:

  1. desember kl. 18
  2. desember kl. 19.30

--

Julelegender – også til Oslo og Stavanger

I 2019 tok Kjell Inge Julelegender med på reis, og det same gjer han i år. For å sørge for god plass på forestillingane, køyrer me doble i år.

Julelegender blir spelt i Oslo (Capella Johannes/Majorstuen kirke) og i Stavanger (Hetlandskirken). Sjå meir informasjon på kjellingetorgersen.no

Om albumet "Julelegender"

Musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av dei første forestillingane i Bispekapellet i Stavanger. Det resulterte mellom anna i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK og i A-listing på NRK P1 av den nye låta "Stjernenatt". På albumet elles finn du kjente songar i ny drakt, som "Fager er jorda" - eller med ny tekst. "Christmas song" (Chestnuts roasting) har blitt til "Song om jul", og "Have yourself a merry little Christmas", heiter "Desse gylne dagar".

--

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 219988
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.