Jorddøgn – Den jærske identiteten

Den jærske identiteten er sterkt knytt til jordbruket, «tyå» og det jærske bondevettet, noko som har gitt opphav til mykje av språk- og kulturuttrykka våre, og til industrien vår. Men i kva retning...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
05.May
2021
7:00pm

Detaljer

Den jærske identiteten er sterkt knytt til jordbruket, «tyå» og det jærske bondevettet, noko som har gitt opphav til mykje av språk- og kulturuttrykka våre, og til industrien vår. Men i kva retning dreg me no, og korleis påverkar retninga den jærske identiteten? Bryne ligg i Time kommune som ønskjer å byggja ned meir jord enn nokon gong. Ein vil laga arbeidsplassar, datasenter og eit næringsliv «for framtida», men kva plass har bondeidentiteten og jorda i framtidas Jæren? Og kva tenker den jærske bonden om det som held på å skje?

Velkommen til eit arrangement som skal gje rom til å stoppe opp og reflektere over dette, slik at me kan byrja arbeidet med å tenka nytt, både om oss sjølve og kva framtid me ønskjer.

Me har ingen konkrete svar å gje, men synest det er på tide å stoppe opp og tenke oss om, om kor me er på veg, og kva me vil med utviklinga vår. Det er på tide å leggja ned timeglaset.

Programpostar:

  • Peter F. Strassegger, forfattar frå Bryne og leiar for Jorddøgn litteraturfestival presenterer festivalen og les det nyskrevne essayet: «Påstandar frå det jærske sjelelivet»
  • Kristin Auestad Danielsen, forfattar frå Lima, les frå sin komande roman om odelsjenter og Jærens gjengroande framtid.
  • Marthe Nessa Bjørnevik og Birk Nes er musikar frå Bryne, og syng dei gamle jærvisene Putla og Vind i garhol i ny tolkning.
  • PAUSE
  • Debatt: «Den mytiske jærbonden. Kven er han og kven bør han bli?». Gudmund Edland, mjølkebonde frå Gjesdal og Sven Martin Håland, mjølkebonde og leiar av Sandnes bondelag møtast til samtale leia av Bothild Nordsletten, Time-bu og redaktør i fagbladet Bondevennen.
  • Lillian Utne er frå Kverneland og nestleiar for Jorddøgn litteraturfestival, og er kveldens ordstyrar.

Takk for støtte frå: Kulturrådet, Rogaland Fylkeskommune, Jæren Sparebank, Fritt Ord, Bondekompaniet, Tekstallianse, Garborgsenteret/Time bibliotek og Rogaland forfattarlag.

Praktisk info

Enjoy-kode: 848740
Type
Festivaler
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker