Jenta med fyrstikkene // Åsane Kulturhus 16:30

JENTA MED FYRSTIKKENE Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri. H.C. Andersens eventyr...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

20.nov
2021
kl 16:30

Detaljer

JENTA MED FYRSTIKKENE

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr «Piken med svovelstikkene» er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det?

Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne. I vår versjon inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd.

KUNSTNARLEG LAG

Av H.C. Andersen Regissør Miriam Prestøy Lie Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt Visuelt uttrykk Synnøve Ringdal Komponist, musikkproduksjon og lyddesignThea Hjelmeland Lysdesignar Krystian Myska Omsetjar Terje Lyngstad

MEDVERKANDE Kyrre Eikås Ottersen Idun Losnegårg Carina Furseth

Framsyningslengd: 45 min Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.

TRYGT TEATERBESØK:

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande

  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang

  • Er nøye med hand- og hostehygiene

  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Praktisk info

Enjoy-kode: 439402
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker