Jenta med fyrstikkene

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri. H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene“...
05.des
-
kl 18:00

Detaljer

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene“ er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det?

I vår versjon “Jenta med fyrstikkene” inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd. Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen speler to forskjellige arketypar i vaksenverda; den som vil beskytte barnet mot sanninga, og den som synest det er viktig å snakke om det vanskelege. Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne.

Jenta blir spelt av Carina Furseth. Ho er nysgjerrig, empatisk og tenkande – som ungar flest – og aksepterer ikkje utan vidare det dei vaksne fortel henne. Opplevinga av eventyret blir sterkare fordi vi får sjå det med barnets blikk.

Framsyningslengd: 45 min

Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.

Framsyninga vert spelt i ‘blackbox’ med avgrensa tal plassar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 824557
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Tirsdag
05/12 2023 kl 18:00
Nynorskhuset, Scene 2 Storehagen 10
I samarbeid med Eventim