I denne søte juletid - Julekonsert med Ålesund kammerkor i Vigra kyrkje

"I denne søte juletid" med Ålesund kammerkor Velkomen til årets julekonsert i Vigra kyrkje søndag 19. desember kl. 18.30. Julekonsertene til Ålesund kammerkor vil denne gongen krinsa om...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
19.des
2021
kl 18:30

Detaljer

"I denne søte juletid" med Ålesund kammerkor

Velkomen til årets julekonsert i Vigra kyrkje søndag 19. desember kl. 18.30.

Julekonsertene til Ålesund kammerkor vil denne gongen krinsa om folketonar og gamle julesongar. Ei rekke av arrangementa er laga av Ørjan Matre og Andrew Smith. Til felles for arrangementa er at dei leikar seg med folketoneelement både i tonalitet og ornamentikk.

Ørjan Matre (1979) er bosett i Bergen og ønsker å omarbeide norsk folkemusikk. Arrangementa fornyar samtidig som dei tek vare på det unike ved dei.

Andrew Smith (f.1970) er kjend for å sette tradisjonsmusikk inn i eit meir moderne formspråk med tette harmoniar og uventa vendingar i komposisjonane.

I tillegg til desse arrangementa vil vi også fremføre arrangement av Odd Johan Overøye, Knut Nystedt og Iver Kleive.

Arrangementa er skrevet for kor aleine, men vi vil ha med oss Vidar Undeseth på fele for å skape ein ekstra dimensjon til songane.

Vi gler oss til å fremføre ny norsk musikk med den norske folketonen som utgangspunkt.

Billetter:

Voksen: 250,-

Ungdom/student/pensjonist: 150,-

Barn under 16 år gratis.

Billetter kjøpes på TicketCo.events eller med Vipps/kort i døra.

Praktisk info

Enjoy-kode: 159819
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.