Hødd - Brattvåg

HØDD - BRATTVÅG Onsdag 28. juli kjem Brattvåg på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til seriekamp på Høddvoll! Kampstart kl. 18.00. Det blir no opna for 2000 tilskodarar på faste...
28.jul
-
kl 18:00

Detaljer

HØDD - BRATTVÅG Onsdag 28. juli kjem Brattvåg på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til seriekamp på Høddvoll! Kampstart kl. 18.00.

Det blir no opna for 2000 tilskodarar på faste tilviste plassar og det blir derfor mogleg å sikre seg billett til kampen!

Du kan også kjøpe billett på kampdag på billettkontoret, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. Dørene opnar kl. 16.30.

Både hovudtribuna og Sparebanken Møre tribuna blir opna og det skal til ei kvar tid vere eitt sete mellom kvar tilskodar. Berre stolar som er merka med ein kvit lapp skal nyttast. Dette gjeld også for personar frå same familie/ husstand. Blåsartribuna blir dessverre ikkje opna i denne omgang, då vi må forholde oss til faste tilviste plassar. Blåsarane vil derfor få plass på Sparebanken Møre tribuna.

VIKTIG!

Du kan ikkje forvente å få tildelt plass der du har ditt sesongkort, så lenge vi må forholde oss til koronarestriksjonar. Vi ber om at du følger anvisninga frå vakt/vert-mannskapet når du kjem på stadion og nyttar plassen du blir tildelt innanfor gjeldande smittevern. Møt derfor opp i god tid før kampstart for å sikre deg ein god plass på stadion!

Det er no mogleg å nytte FELT C igjen for dei som har sesongkort der. Vi gjer merksam på at presseborda berre er reservert for Presse eller akkrediterte personar og det er derfor strengt forbode for andre personar enn dei med presseakkreditering å nytte desse plassane under arrangementet!

Vi sjåast på kamp!

Praktisk info

Enjoy-kode: 216338
Type
Sportsarrangement
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo