Himlaleite - Trio Alde

Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet i Trudvang, Dale sundag 7. mars kl 16.00. Trio Aldeer tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
07.mar
2021
kl 16:00

Detaljer

Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet i Trudvang, Dale sundag 7. mars kl 16.00.

Trio Aldeer tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.).

No drar trioen på sleppeturne med si første plate: Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet. Her gir dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!

I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar.

Trio Alde

Ordet alde har to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage - og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.

Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.

Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg! Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar. Busett i Volda.

Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012.

Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!

Syng med:https://smarturl.it/na4egm

Praktisk info

Enjoy-kode: 321465
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.