Hildegunn & Leif-Per

Den eksentriske humorduoen frå Sunnmøre er endeleg tilbake i norsk showbiz! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn Moltubakk sidan sist: Ho har skilt seg etter 34 års ekteskap, ho har blitt...
31.okt
-
kl 18:30

Detaljer

Den eksentriske humorduoen frå Sunnmøre er endeleg tilbake i norsk showbiz! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn Moltubakk sidan sist: Ho har skilt seg etter 34 års ekteskap, ho har blitt bestemor til sju: May-Tordis, May-Monica, Magne-Svein, Therese-Merethe, Tove-Gunn, Per-Sindre og stakars, vesle Tim… Ho har også fått kjenne på dyrtida – og dermed fått seg deltidsjobb på Cubus. I tillegg har ho endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality. Leif-Per brenn inne med Sunnmøres største DVD-samling, og trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si - og at han sannsynlegvis er Sunnmøres mest habile gitarist, er han framleis singel. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med sjølvaste Kringkastingsorkesteret. Det blir musikk, komikk og dramatikk…

Praktisk info

Enjoy-kode: 710355
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
31/10 2025 kl 18:30
Olavshallen, Lille sal Kjøpmannsgt. 44
I samarbeid med Eventim