Heim

Velkommen til ei musikalsk reise til tiåret då Melodi Grand Prix var i Grieghallen, det var OL på Lillehammer, Berlinmuren fall og Nordhordlandsbrua opna! Ei musikalsk vestlandskrønike del 3:...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Detaljer

Velkommen til ei musikalsk reise til tiåret då Melodi Grand Prix var i Grieghallen, det var OL på Lillehammer, Berlinmuren fall og Nordhordlandsbrua opna!

Ei musikalsk vestlandskrønike del 3: 1985-1995 Det Vestnorske Teateret si vestlandskrønike Heim er no komen til åra 1985 – 95.

På ny har vi samla eit stjernelag av forfattarar som saman med oss tek turen til Vestlandet, til stadar vi kjenner, songar vi hugsar og hendingane som skaka eller mora oss. Vi er komen til tida der Berlinmuren fall, jappe-bobla brast, HIV-angsten reid oss og vi klinka til med Melodi Grand Prix i Grieghallen og OL på Lillehammer. I dette tiåret står vi på terskelen til ein gryande gullalder for det bergenske musikklivet. Vi skal til Nordhordlandsbrua, Stord, Stanghelle, Katten og sjølvsagt til eit nybygd kjøpesenter eller to. Bli med oss til gledelege gjensyn og treffande ettertanke. Bli med oss HEIM.

Av: Frode Grytten Pedro Carmona-Alvarez Selma Lønning Aarø Finn Tokvam Brynjulf Jung Tjønn Gunnar Staalesen Marit Eikemo Linda Eide Kristin Auestad Danielsen Claus Sellevoll Bjarte Hjelmeland

Med: Claus Sellevoll, Sigrid Moldestad, Lars Henrik Aarnes og fleire. Voksne Herrers Orkester: Harald Dahlstrøm, Ole Marius Sandberg, Steinar Krokstad Regi: Hilde Sol Erdal Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen Lysdesign: Silje Grimstad

Speleperiode: 11. februar – 4. april

Praktisk info

Enjoy-kode: 467760
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker