HEFTIGE BAND: LILLEBØ OG NILSSEN

Sandra Lillebø har fått mykje merksemd og kritikarros i 2020 for romanen «Tingenes tilstand». Der møter vi ein hovudperson som har tatt det vanskelege valet om å bryte med si psykisk sjuke mor, for...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

19.feb
2021
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 102016
Type
Læring
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Sandra Lillebø har fått mykje merksemd og kritikarros i 2020 for romanen «Tingenes tilstand». Der møter vi ein hovudperson som har tatt det vanskelege valet om å bryte med si psykisk sjuke mor, for å sjølv klare å leve eit godt liv som vaksen. Olaug Nilssen vart nominert til Brageprisen for romanen «Yt etter evne, få etter behov». Der møter vi storfamilien til eit barn med autisme, kor alle familiemedlemmene spelar ei rolle i eit emosjonelt flettverk.

I både Lillebø og Nilssen sine bøker er vanskeleg familiedynamikk sentralt, og begge forfattarane har vore betydningsfulle for den offentlege samtalen om eit ofte skambelagt tema. Vi har invitert dei to til samtale om bøkene; om gapet mellom kulturens bilete av idealfamilien og den kaotiske, ambivalente familien slik han kan vere i røynda. Korleis finne ein måte å leve saman, utan å bli spist opp av kvarandre? Kva når det ikkje går, og det heile kjennest uforsonleg? Kva for frigjerande rom finst det for desse spørsmåla i litteraturen?

Møt Nilssen og Lillebø i samtale med Guro Kvalnes.

Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Fritt ord.

Etter statleg instruks vert det no oppmoda om at publikum kun besøker arrangement i heimkommunen sin, dvs. dette arrangementet er for folk busett i Ullensvang kommune...


Billettpris 100,- + 10,- billettavgift.

Kart