Hazelius Hedin på Osascena

Songar og strengemeister Esbjørn Hazelius i skjønn foreining med nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin. Stort betre vert det ikkje! Dette er to av dei dyktigaste og mest etablerte folkemusikarane i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
13.apr
2021
kl 20:00

Detaljer

Songar og strengemeister Esbjørn Hazelius i skjønn foreining med nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin. Stort betre vert det ikkje! Dette er to av dei dyktigaste og mest etablerte folkemusikarane i Sverige. Med blendande musikalitet, nydeleg tostemd song, tøft driv og fargesterk framtoning framførast svenske viser og danselåtar betre enn nokon gong før. Dei gav sin fyrste konsert saman i 2008, og har sidan den gong spelt fleire hundre konsertar i Norden og Europa, på alt frå intime folkemusikklubbar til store festivalar og konserthus. På sisteplata Jorland (2018), som vart nominert til Grammis, finn ein både tradisjonell folkemusikk og eigenkomponerte låtar – alt framførd med det magiske, virtuose samspelet som kjenneteiknar Hazelius/Hedin.Esbjørn Hazelius trakterer både cittern, violino d’amore og gitar, og er kjend frå band som Quilty og Eitre. Han har medverka i Jul i Folkton­prosjektet, og har vore den «musikalske motoren» til Sofia Karlsson i ei årrekke. Johan Hedin er aktiv som medlem og initiativtakar til folk­barokkensemblet Silfver og verdsmusikkgruppa Bazar Blå. Han har laga over 20 plater i eige namn, i tillegg til samarbeid med Gunnar Idenstam, Ale Möller og Jonas Knutsson.

SMITTERVERN OG KJØP AV BILLETTAR Konserten skjer i tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet for å hindre smitte. Vi ber alle som har høve til det om å kjøpe billett på ticketco i forkant. Det vert ikkje høve til å kjøpe sesongkort for Osascena våren 2021.

HUGS: Hald avstand - antibac på veg inn og ut av konsertlokalet - bli heime om du er sjuk - ta vare på kvarandre

Arrangør: Osascena Osascena er støtta av Norsk Kulturråd.

Konsertstart: 20:00 Dører: 19:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 992913
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.