Haugtussa i nye tonar - Jorunn Undheim // Sommarkveldar på Knudaheio

Sommarkveld i Knudaheio 19/6: Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar. Konserten startar 18:00 Arrangementet varer 1,5 time. Konserten...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
19.jun
-
kl 17:30

Detaljer

Sommarkveld i Knudaheio 19/6: Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar. Konserten startar 18:00 Arrangementet varer 1,5 time. Konserten vert spelt under open himmel, og vi bed publikum om å ta med eigne stolar. I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg. Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid. Sundag 19. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio. Konserten vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter. Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord.

Praktisk info

Enjoy-kode: 586990
Type
Konserter
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.