HAUGESPOR -Skaparånd, spetakkel... og strikkepinnar

Eit herleg skråblikk på spora etter Hans Nielsen Hauge på Vestlandet, 250 år etter hans fødsel. Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.jun
2021
kl 19:30

Detaljer

Eit herleg skråblikk på spora etter Hans Nielsen Hauge på Vestlandet, 250 år etter hans fødsel.

Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og kreativ rekneskapsførsel. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.

Om jubileumsspeletBli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Medverkande:

Tor Øyvind Skeiseid: Skodespelar og manusforfattar Silje Vignes Flesjå: Skodespelar Tolli H. A. Frestad: Skodespelar Svanhild Eggebø Spanne: Skodespelar Aril Schøld: Musikalsk ansvarleg

Denne forestillingen følger regler for avstand mellom kohorter. Når du kjøper billetter legges det automatisk inn ett sete avstand til neste kohort.

Arrangør: Ryfylke livsgnist

Praktisk info

Enjoy-kode: 927592
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.