star
star
star
star
star

Habben - Hognåsen - Storehaugen - Sviggum

Turen startar ved informasjonstavla på ferjekaien i Lærdal. Stien tek til ca. 150 meter vest for tavla, rett forbi kaibygget. Litt bratt, men godt merka sti opp fjellsida. Passerar nokon gamle...
Foto: Rolf Engløkk

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 172851
Ruta ligg vel ein km frå Lærdalsøyri, og du når den greitt til fots eller med sykkel. Parkering med bil i nedre del av Habben (på kaien). Forbi kaiområdet, ved stien sitt startpunkt.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
9.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved informasjonstavla på ferjekaien i Lærdal. Stien tek til ca. 150 meter vest for tavla, rett forbi kaibygget. Litt bratt, men godt merka sti opp fjellsida. Passerar nokon gamle stølar. Godt med en kvil, og nyte utsikta på Våkeldshaugen. Hugs og skriv namnet ditt i turlagsboka ! Terrenget flatar litt ut når vi passerer Tubba, og blir heit flatt før siste stigning mot Hågnåsen. Hugs turlagsboka her og ! Ein god kvil på utsiktspunktet Søre Kletten. Det kan nemnast at Max Manus brukte Hognåsen til skjulestad under krigen.

​Det er god sti mot Storehaugen. Der passar det og med ein kvil før vi skal 900 høgdemeter ned til Sviggum (ved Sjukehuskrysset). Frå Storehaugen er det panoramautsikt nesten 360 gr. Hugs turlagsboka her og ! På turen ned passerer vi fleire stader med namn etter då stien var brukt som stølsveg. Det er bøker å skrive navnet sitt i på turen ned og ! I Sviggum er det og ei informasjonstavle som seier litt om området Storehaugen - Sviggum. Turen passar og som trugetur. Og hugs broddar vinterstid.