Gro-Marthe Dickson & D-Lovely - Jazz på Jølst 2021

Sidan 2017 har vokalist Gro-Marthe Dickson tolka og gjendikta Cole Porters tekstar til norsk. D-lovely er ei jazzgruppe som har spelt musikk av jazz- og showtunekomponisten Cole Porter sidan 2015....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
14.okt
-
kl 20:00

Detaljer

Sidan 2017 har vokalist Gro-Marthe Dickson tolka og gjendikta Cole Porters tekstar til norsk. D-lovely er ei jazzgruppe som har spelt musikk av jazz- og showtunekomponisten Cole Porter sidan 2015. Debutplata deira kom i april 2019 ("D-lovely / Uten deg"), og i januar 2021 kom bandet ut med sitt andre album «Fornemmelsen av hjemland» på AMP Music & Records. På andreplata har Dickson gått bort frå gjendikting og tolking og i staden laga originale norske tekstar til Cole Porters melodier. Med nye tekstar kjem også nye musikalske idéar, og bandet har teke eit par steg vekk frå den tradisjonelle jazzen, men vi kan framleis høyre eit tydeleg ekko av den. Platen blei utgjeven med publiseringsstøtte frå Kulturrådet, og har alt fått fleire fine omtalar. Dickson var også å finne som «Ukas Jazzprofil» på Jazz i Norge sine nettsider i februar 2021. (https://jazzinorge.no/2021/02/01/ukas-jazzprofil-gro-marthe-dickson/) Eit nøkkelord for denne nye utgjevinga er tid. «Tid brukt, tid gitt, og tid som en målenhet.

Gro-Marthe Dickson -vokal

Aksel Westlund -gitar,

Håkon Norby Bjørgo - bass,

Magnus Sefaniassen Eide - trommer

Praktisk info

Enjoy-kode: 521560
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.