GREATEST DIKTS JON HJØRNEVIK M/DAGFINN IVERSEN

2021. Ny sjanse, for me gir oss ikkje med skiten vår. Den forbanna pandemien skal ikkje få stoppa bygde-og pornopoesien. Mor til Hjørnevik må igjen registrere at det dessverre vert ein ny runde...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.apr
2021
kl 21:00

Detaljer

  1. Ny sjanse, for me gir oss ikkje med skiten vår. Den forbanna pandemien skal ikkje få stoppa bygde-og pornopoesien.

Mor til Hjørnevik må igjen registrere at det dessverre vert ein ny runde med både Slektserotikk og Kystens hore. Jon Hjørnevik stiller igjen på Madam Felle med dei beste, finaste og verste av sine saftige, morosame, tankevekkande, merkelege dikt.

Her kjem og nye klassikarar ingen har høyrt før, heller ikkje Hjørnevik sjølv. Det einaste me kan garantere, i tillegg til å stille opp, er ein ei tung reise i lyrisk skit, perler for svin og svin for perler.

Med seg har han som alltid Dagfinn Iversen på gitar og slurve. Iverersen er bakarsonen, råkøyararen, kokken, konjakkelskaren, målmannen og visesongaren som fortvila freistar å redda diktkveld etter diktkveld med sine gitartonar.

Dette kan ikkje gå bra.

Vel møtt til nok ein kveld på Madam Felle – som kvier seg til ei lyrisk lurveleven.

Praktisk info

Enjoy-kode: 182989
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker