Gorrlaus folkemusikk - konsertserie

NB! Dette arrangementet er utsatt fra 13. mars pga utfordringer relatert til Covid-19 situasjonen - Alle tidligere kjøpte billetter er gyldige til dette arrangementet. Dersom du ønsker...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
11.jun
2021
kl 19:00

Detaljer

NB!

Dette arrangementet er utsatt fra 13. mars pga utfordringer relatert til Covid-19 situasjonen - Alle tidligere kjøpte billetter er gyldige til dette arrangementet. Dersom du ønsker refusjon, send mail til kommunikasjon@touscene.com


Gorrlaus folkemusikk - konsertserie. Programmert av Anders S. Hana

Utøvere: Astrid Garmo, Hans P. Kjorstad, Erlend Viken, Rasmus Kjorstad og Olav Christer Rossebø.

Nye kjerreveger over fjellet i seinare tid har ført til meir samkvem mellom Gudbrandsdølar og Rogalendingar. På sætra om somrane har begge tradisjonar blitt spelt side om side.

I kveld kan ein høyre eit døme på nettopp dette når Astrid Garmo, Hans P. Kjorstad, Erlend Viken, Rasmus Kjorstad og Olav Christer Rossebø kjem til Stavanger og spelar på loftet på Tou. Det ryktes og at initiavtivtakaren til Gorrlaus stiller med reinstemt gitar og langeleik.

Det blir då alt frå solo, duo, trio til lagspel med alle saman. Ein får sjansen til å høyre eit breitt spekter av musikk frå Gudbrandsdalen og Rogaland, både med tradisjonell og eksperimentell tilnærming. Instrumentparken for kvelden består av flatfeler, hardingfeler, oktavfeler, røyst, langeleiker, munnharpe, reinstemt harmonium og reinstemt gitar.

Konserten kjem til å vare i omlag 3 timar. I tilfelle det skulle bli nerstengning igjen, kan ein nytte dette høve til å fylle opp tanken med nok folkemusikk slik at det går an å leve på det ei god stund framover.

Astrid Garmo kjem frå Garmo i Gudbrandsdalen, ei bygd med sterk feletradisjon. Ho er nyleg utdanna frå Norges Musikkhøgskole i Oslo, der ho har fokusert på hardingfeletradisjonar som Valdres, Hallingdal og Telemark, sjølv om ho også har føtene godt planta i flatfeletradisjonen frå heimbygda. I tillegg interesserer ho seg for det meir moderne og improviserte, og speler i ei rekkje ulike konstellasjonar. Ho likar å samarbeide med musikarar på tvers av sjangrar som til dømes pop, jazz og støy.

Hans P. Kjorstad og Rasmus Kjorstad: Brørne frå Harpefoss spelte på ein av dei første Gorrlaus kveldane for godt over to år sidan. Det er ei stor glede å få dei attende til Stavanger. Mykje har skjedd med duoen sidan den gong og dette har blitt dokumentert på nyaste utgjevinga deira på Ta:lik med tittelen, Kjære min maur. I tillegg til å være framifrå felespelarar har Kjorstad brørne henta fram igjen både langeleik og munnharpe tradisjonane frå Gudbrandsdalen og i Eivind Groven si ånd har dei stemt om eit harmonium slik at det kan spele folkemusikk skalaer.

Hans og Rasmus Kjorstad syner med dette at det går an å eksperimentere med tradisjonsstoffet på folkemusikken sine eigne premissar og at modernisering ikkje treng å bety at ein tvingar musikken inn i konvensjonelle normer.

Olav Christer Rossebø er ein av dei største ambassadørane for Rogalandsmusikken og må ta på seg ein god del av skylda for at nettopp denne tradisjonen speles langt utanfor fylkesgrensene den dag i dag. Ikkje berre er han ein dugande felespelar men han er og ram på mandolin og gitar og spelar i fleire band som til dømesLady Hardanger, Earlybird Stringband, Frøkedal og Familien, Bergen Mandolinband og Geitungen.

Erlend Viken spelar både flatfele og hardingfele. Han er oppvaksen med Oppdalstradisjonen og det var far, Erik, som var første læremeister. Viken har og satt seg godt inn i Rogalandsmusikken. Han har jobba med fleire storleiker innanfor rock, hip hop og jazz og saman med fleire dansekompani. Sommaren 2012 vann han intro-folk og i 2016 vann han landskappleiken i fele klasse-A. Hovudprosjektet dei sista åra har vore Erlend Viken trio. I januar 2020 gav han ut vinterverket Sastrugi.

Gorrlaus er støtta av Stavanger Kommune, Kulturrådet og Rogaland Fylkeskommune.


COVID-19

Dette er et arrangement som skjer under Covid-19 situasjonen. Vi ber derfor alle publikummere om å ta hensyn til hverandre og reglene som er satt av myndighetene og på Tou. På grunn av publikumsrestriksjoner vil det kun være et begrenset antall billetter tilgjengelige til arrangementene på Tou. Vi ber publikum om å holde seg hjemme dersom de kjenner symptomer på Corona-smitte.

Regjeringen råder publikum til ikke å krysse kommunegrensene for å delta på kulturarrangement. Kommer du fra en annen kommune og av den grunn ikke ønsker å delta på et arrangement som du har kjøpt billett til, kan du kontakte kommunikasjon@touscene.com og be om refusjon.

Følg gjeldende smittevernsregler - www.helsenorge.no/koronavirus

Praktisk info

Enjoy-kode: 497559
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.