Gjertruds sigøynerorkester

Festkveld med Gjertruds sigøynerorkester Me er klare til å fylla Krossvoll med musikk og festklare gjestar! På scena står det forrykande Gjertrunds sigøynerorkester. Gjertruds Sigøynerorkester...
06.nov
-
22:00

Detaljer

Festkveld med Gjertruds sigøynerorkester

Me er klare til å fylla Krossvoll med musikk og festklare gjestar! På scena står det forrykande Gjertrunds sigøynerorkester.

Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) har sidan 1989 spesialisert seg på østeuropeisk sigøynermusikk frå Russland, Romania og framføre alt Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest, og samarbeider fast med Ernest Bangó, ein av Ungarn sine fremste cimbalister. GSO har turnert over store delar av Noreg og Ungarn, delteke på festivalar i inn- og utland og gjeve ut sju cd-ar.

I tillegg til stadig fordjuping i austeuropeisk sigøynermusikk og turnear med ungarske sigøynermusikk-utøvarar, har ensemblet ei rekkje ulike samarbeidspartnarar innan folkemusikk og sjangeroverskridande prosjekt. GSO har samarbeid med mellom anna den jødiske artisten Bente Kahan, songaren Elias Akselsen, felespelar Susanne Lundeng, komponist og pianist Nils Henrik Asheim, samt artistane Britt Synnøve Johansen, Solfrid Molland, Pål Jackman og Helge Jordal. Samarbeidet med Nils Henrik Asheim resulterte i Spelemannpris i 2011 for CD-en «Mazurka – Remaking Chopin». Dei andre CD- utgjevingane har også blitt vorte godt motteke, ikkje minst «På reis, på reis» (2017), sigøynersongar på norsk med Britt-Synnøve Johansen.

Forvent eit ellevilt show på Krossvoll!

Forvent eit stjernegalleri på årets festkveld på Krossvoll!

Praktisk info

Enjoy-kode: 846643
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo