Gary Olson og Ole Johannes Åleskjær

I samarbeid med Sindie Concerts blir det noko så sjeldant som amerikansk pop på Hamnaholmen i juli! Gary Olson er grunnleggar av bandet The Ladybug Transistor og er ei legende i sjangeren indiepop....
26.jul
-
kl 21:00

Detaljer

I samarbeid med Sindie Concerts blir det noko så sjeldant som amerikansk pop på Hamnaholmen i juli! Gary Olson er grunnleggar av bandet The Ladybug Transistor og er ei legende i sjangeren indiepop. Meir om det seinare. Trompetist og gitarist Olson trollbinder publikum med barytonstemma si. Han kjem til Sunnfjord etter å nyleg ha fullført Japan-turné. Tokyo, Osaka og Nagano var tre av byane som stod på lista. No er det Hamnaholmen sin tur! Til Værlandet kjem Olson i duoformat saman med sin faste kompanjong, gitarist og vokalist Ole Johannes Åleskjær. Ole Johannes har i 30 år vore hovudmann i det norske bandet The Loch Ness Mouse og er snart klar for å gje ut soloplate. Vi får kanskje ein smakebit frå denne under konserten? Olson sitt band The Ladybug Transistor hadde i 2023 gjenforeningsturné som tok dei til byar som New York, Chicago, Cincinnati og Pittsburgh. Han spelar alltid smakebitar frå bandet sin rikhaldige katalog og det kjem garantert til å skje denne kvelden også! Gary Olson - Afternoon into Evening https://www.youtube.com/watch?v=hp1YjQhetVw&ab_channel=GaryOlson-Topic Gary Olson & Ole Johannes Åleskjær (Live Indiefjord 2023) - The Old Twin: https://www.youtube.com/watch?v=9Ui25F4Wj48&ab_channel=HeinzBrossolat The Ladybug Transistor - Like a Summer Rain https://www.youtube.com/watch?v=vmqqCV6tbO0&ab_channel=TheLadybugTransistor-Topic

Praktisk info

Enjoy-kode: 709403
Type
Konserter
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
26/07 2024 kl 21:00
Hamnaholmen, Værlandet 25 Værøyhamnen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.