Ny dato: GAMALTNYMALT - Moldestad / Mjølsnes / Høgemo

Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår - og du kan oppleva dei i Kabuso tysdag 11. mai kl 19 (merk ny dato)! Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
11.mai
2021
kl 19:00

Detaljer

Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår - og du kan oppleva dei i Kabuso tysdag 11. mai kl 19 (merk ny dato)!

Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane, er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første (og til no, einaste) plate.

Dei er alle veletablerte musikarar: Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utlamed Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange. Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere. Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.


Oppdatering 5. mai: Einar Mjølsnes har diverre måtte trekka seg frå turnéen. Heldigvis har trioen funne fram til ein særs god vikar; Marin Stallemo Bakke vil ivareta det unike GamanltNymalt-repertoaret på beste vis.

Marin Stallemo Bakke (f. 1994) er frå Kristiansand, men bur for tida i Sogndal der ho underviser hardingfele i kulturskulen. Ho er tidlegare elev av Håkon Høgemo og tek repertoaret til GamaltNymalt på strak arm. Marin starta å spela fiolin då ho var fem år ved Kristiansand kulturskole. Som niåring byrja ho å spele hardingfele i Kristiansand spel- og dansarlag. Gjennom åra har ho vore elev i ulike talentutviklingsprogram ved Universitetet i Agder, Norges musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt, og enda til slutt opp som student ved Norges musikkhøgskole (NMH), der ho tok både bachelor- og mastergrad med klassisk fiolin som hovudinstrument, og hardingfele som valfag. 3. året og ut studiet på NMH hadde ho timar med Håkon Høgemo. Marin har ved fleire høve vore hardingfelesolist med både Kristiansand symfoniorkester, Orkester Norden og Oslo Filharmonien.

Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

Praktisk info

Enjoy-kode: 568008
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.