Fullmånekonsert med Nordstoga, Summers og Reinholdt (NO)

Etter pause i fire månader prøver Fullmånekveldane i Klepp seg att med ny konsert i Friluftshuset på Orre, onsdag 26. mai, med eit program kalla "Alt som eingong va' - Burns på dialekt". Peter...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.mai
2021
kl 20:00

Detaljer

Etter pause i fire månader prøver Fullmånekveldane i Klepp seg att med ny konsert i Friluftshuset på Orre, onsdag 26. mai, med eit program kalla "Alt som eingong va' - Burns på dialekt".

Peter Fjågesund har omsett ei stor mengde av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns sine dikt til Vest-Telemarkdialekt. Burns sine dikt blei brukt som viser, sunge på tradisjonsmelodiar, nett som mange av Telemark sine mest folkekjære diktarar. Omsettingane blir til ein konsert med to kvedarar frå Telemark, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Åsmund Nordstoga. Med seg har dei ein av samtidas framste felespelarar frå Burns sitt heimland, Sarah Jane Summers. I tillegg har dei med seg dei nyskapande musikarane Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på kontrabass. Det blir nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar, og alt blir sunge på klingande vest-telemål.

Til no har Burns i hovudsak vore omsett til standard skriftspråk, om enn hovudsakeleg til nynorsk. Men Burns skreiv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig ‘statement’ for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. I tillegg tok han alltid utgangspunkt i den skotske folkemusikken, i både tekst og melodi, dvs. i den musikalske dialekten som han hadde under huda.

Praktisk info

Enjoy-kode: 848598
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.