Frøkedal & Familien

Dører 20.00 Konsertstart 21.00 Aldersgrense 18 år eller med verge Informasjon om restriksjoner og smitteverntiltak finner du her Event på Facebook Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.sept
2021
kl 21:00

Detaljer

Dører 20.00 Konsertstart 21.00 Aldersgrense 18 år eller med verge Informasjon om restriksjoner og smitteverntiltak finner du her Event på Facebook

Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop. Dei har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. Nå kjem bandet til Stavanger for å presentere musikken der han høyrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.

Låtane på Flora strekk seg frå gyngande hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.

Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.

Frøkedal: vokal, gitar Olav Christer Rossebø: fele, oktavfele, mandola, vokal Ingeleiv Berstad: fele, oktavfele, baglamas, perkusjon, vokal Erlend Ringseth: keys, vokal Elisabeth Mørland Nesset: trommer, vokal

Praktisk info

Enjoy-kode: 504092
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.