FRIKAR: GANDR - Torsdag 21.juli 2022 - verdspremiere!

Fantasi og bevegelse i til vanns, til lands og i lufta med! Deltakande vandrevisning i Valdres 21.-23. juli og 28.-30. juli 2022 Etter å ha seld ut to år på rad, kjem no FRIKARs storsatsing i det...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

21.jul
2022
kl 17:30

Detaljer

Fantasi og bevegelse i til vanns, til lands og i lufta med!

Deltakande vandrevisning i Valdres 21.-23. juli og 28.-30. juli 2022

Etter å ha seld ut to år på rad, kjem no FRIKARs storsatsing i det ville og vakre Åbjøra-juvet i ein ny og endå meir imponerande versjon! Sikre deg billett før det vert utseld att!

GANDR er eit frigjerande opptog for det tredje årtusen. I den digitaliserande pandemien har me studert grupperituale og dans frå helleristningar i nordisk stein- og bronsealder for å finne energi og bevegelsesglede for den utfordrande samtida vår. I GANDR kan du oppleva dans og sirkus frå den vinkelen og avstanden du vil, i tillegg til å få ein sjelsetjande tur i vill og vakker natur.

I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter 13 kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 60 min danseframsyning ved ein flott foss.

Sjå video frå første produksjonsveka: https://vimeo.com/671060631

Sjå trailer frå forrige versjon i Åbjøra-juvet: https://vimeo.com/frikar/draumefangaren

Og her er video frå forprosjektet då me studerte dans frå stein- og bronsealder med arkeologar: https://youtu.be/x1zgLCQKB5I

“Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur. Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.”

  • Leiaren i Avisa Valdres.

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.”

  • Oppland Arbeiderblad.

Praktisk informasjon:

Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca 4 timar.

Hugs godt skotøy!

Møt opp i god tid, spesielt om du kjem med bil. Vi tilrår å møte opp rundt klokka 16:00.

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda.

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for vegskildring.

Overnatting? Me kan til dømes anbefaleScandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.

Området er rekna for å vera ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert salg av kaffe og varm mat nede i juvet. Boller er fra Bakeriet i Bagn og Majel er fra Valdres Gjestegard.

Det er ikkje høve til å ta med hund.

Billettar vert ikkje refundert.

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård Komponist: Terje Isungset Kostymedesign: Line Maher Scenografi: Hallgrim Hansegård Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn Produsent: Ingvild Kristin Kirkvik Produksjonsassistent: Martine W. Ugland Friviljugsjef: Oda Hjelle Grafisk design og sosiale medier: Sunniva Døvre Brufladt

Medskapande dansarar:

Hallgrim Hansegård Jon Filip Fahlstrøm Anna Benedicte Andresen

Og Johanna Albertsson, Elias Bäckebjörk, Julianne Solli, Sathieshnaa Sivamohan, Berit Einemo Frøysland, Laura Perrot, Live Skullerud, Marnie Fiebig, Petter Egge, Kristine Vestby Holstad, Pernille Løvdal Nansen, Dina Enoksen Elvehaug, Inês Santos Cruz og Luana Da Cunha Frade.

Elevar frå FRIKAR-Akademiet: Ruth Noraker, Mikkel Dokken Stensæther og Eilef Lindahl Blåfjelldal.

Sirkusartistar:

Naomi Bratthammer

og Håkon Hemmer

Musikk:

Komposisjon og musikalsk ansvarlig: Terje Isungset Joiker: Torgeir Vassvik Bjørnejoik: Trad. Tekstuttdrag: Håvamål Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar Sondre Veland: Trommer Mathias Grønsdal: Lyddesign

Takk til:

Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Fritt Ord, Fond for utøvende kunstnere, Det Norske Komponistfond, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Innlandet fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark.

Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid.

Takk til alle friviljuge!

Praktisk info

Enjoy-kode: 537496
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker