Aktuelle alternativer
Detaljer
Bjørkedal Frilynde Ungsomslag inviterar til førjulskonsert med Unni Wilhelmsen og Steinar Raknes på Fridtun ungdomshus i Bjørkedalen. Unni og Ste... Trass nye Covid tilstandar, inviterar framleis Bjørkedal Frilynde Ungsomslag til førjulskonsert med Unni Wilhelmsen og Steinar Raknes på Fridtun ungdomshus i Bjørkedalen. Litt praktisk info: Med tanke på smittevern vert vipps betalingsform på arrangement. Vi har fått skjenkeløyve klasse 1 og 2. Grunna dei nye retningslinjene vert det faste tilviste sitteplassar og servering ved borda. Vi oppmodar alle til å førhandsbestille billettar på Tikkio.no slik at vi lettare kan planlegge plassering av stolar og bord. Det vert ope lokale til kl 24:00, aldersgrense 18 år etter klokka 23. Unni og Steinar har begge svært uttrykksfulle stemmer, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Dei to har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel, og med Raknes ́sin både akustiske og elektriske kontrabass-sound vert konsertane vakre, unike, morosame og spanande. Kom å bli med på ein triveleg kveld i Bjørkedalen.