Folkemøte: Øy og by - hand i hand?

Øy og by hand i hand? Korleis gjekk det eigentleg med kommunesamanslåinga? Tysdag 7. desember kl. 18.00 inviterer Sølvberget og Rennesøy bibliotek til folkemøte i Kulturhuset Meieriet i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
07.des
2021
kl 18:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 710233
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Øy og by hand i hand? Korleis gjekk det eigentleg med kommunesamanslåinga?

Tysdag 7. desember kl. 18.00 inviterer Sølvberget og Rennesøy bibliotek til folkemøte i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg.

Etter at Finnøy, Rennesøy og Stavanger slo seg saman i 2020 har det vore ganske stilt om saka. Det betyr kanskje at alt har gått bra, at den nye kommunen er ein suksess og at alle er nøgde? Eller finst det utfordringar me ikkje høyrer om? Har dei gamle øykommunane klart å halde på sin eigenart eller har Stavanger teke heilt over? Er lokaldemokratiet styrka eller svekka, og er dei offentlege tenestene betre no? Kva justeringar må me framleis gjera før me fungerer ideelt som storkommune?

Kven er på scenen?

Innlegg frå: Elin Rydningen (Rennesøy-bu og gründer), Sigmund Asmervik (professor emeritus i by- og regionplanlegging) og Hilde Øvrebekk (kommentator i Stavanger Aftenblad)

Politikarpanel: Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken (Sp), Mats Danielsen (Frp), Henrik Halleland (Krf, tidl. ordfører Finnøy) og Terje Øvrebø (Sp, leder Rennesøy kommunedelsutval)

Ordstyrar: Espen Røsbak, Sølvberget.

For å få møtet relevant og bra vil vi gjerne ha tips om tema, spørsmål eller anna. Dette kan du anten sende på e-post til rebecca.egeland@solvberget.no, eller levere i spørsmålskassa på Rennesøy bibliotek i Vikevåg.