FNs sikkerheitsråd og norsk sjølvkjensle

Etter lobbyverksemd iført rosa sokker, har Noreg for femte gong fått ein toårsperiode i det mektigaste rådet i verda. Idet LitFestBergen 2021 går av stabelen, har Noreg akkurat funne stolen sin i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
14.feb
2021
kl 12:00

Detaljer

Etter lobbyverksemd iført rosa sokker, har Noreg for femte gong fått ein toårsperiode i det mektigaste rådet i verda. Idet LitFestBergen 2021 går av stabelen, har Noreg akkurat funne stolen sin i FNs sikkerheitsråd. Kva vil det bety at vi har kapra denne plassen – ut over at det er herleg å sole seg i glansen frå dei mektige?

Polariseringa blant dei faste medlemmene i rådet, Russland, Kina, USA, Frankrike og Storbritannia, kan gjere det vanskeleg å arbeide for det sikkerheitsrådet blei danna for å gjere: Sikre verdsfreden. Korleis var dei føregåande periodane i rådet for Noreg og kva blir dei største utfordringane i 2021–22? Journalist Tove Gravdal, forfattar av boka Til bords med de mektige, forklarer.

Praktisk info

Enjoy-kode: 766602
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker