Flukten - Klovning/Hulbækmo/Paulsberg/Poulsen

MARIUS KLOVNING gitar HANS HULBÆKMO trommer HANNA PAULSBERG saksofon BÁRÐUR REINERT POULSEN kontrabass Flukten vart til under den mykje omtalte nedstenginga i mars 2020. Dei fire musikarane...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
21.okt
2021
kl 19:00

Detaljer

MARIUS KLOVNING gitar HANS HULBÆKMO trommer HANNA PAULSBERG saksofon BÁRÐUR REINERT POULSEN kontrabass

Flukten vart til under den mykje omtalte nedstenginga i mars 2020. Dei fire musikarane møttest vekentleg og laga sin eigen musikalske fristad med ein einaste agenda; å skapa musikk saman der og då. Resultatet vart eit kruttsterkt heksebrygg som boblar over av speleglede og leikenheit.

Blant Flukten sine inspirasjonskjelder kan velkjente navn som Paul Motian, Joe Lovano og Bill Frisell nemnast, men bandet har i løpet av kort tid opparbeidd seg sitt eige sterke uttrykk der improvisasjon og spontane innfall står i høgsetet. I september kjem debutplata på Odin Records, og bandet dreg på releaseturné, mellom anna til Kabuso!

Flukten er sett saman av musikarar som har gjort seg bemerka på den norske jazzscenen i band som Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Skadedyr og Trondheim Jazzorkester. Etter debutkonserten i juli 2020 skreiv anmeldarane blant anna:

«Musikken svever. Flukten flyr. Begeistringen i salen gir ekstranummer, og jeg for min del har allerede begynt å glede meg til album.»

  • Arild R. Andersen for JazziNorge

«Om det er noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne»

  • Johan Hauknes for Salt peanuts

Praktisk info

Enjoy-kode: 224685
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.