Flukt, fengsel, fridom

I 2013 flykta den kurdiske journalisten Behrouz Boochani til Australia frå heimlandet Iran. I staden for å tilby Boochani ei trygg hamn, internerte australske styresmaktar han og andre flyktningar...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
13.feb
2021
kl 12:00

Detaljer

I 2013 flykta den kurdiske journalisten Behrouz Boochani til Australia frå heimlandet Iran. I staden for å tilby Boochani ei trygg hamn, internerte australske styresmaktar han og andre flyktningar på øya Manus langt ute i Stillehavet. Her blei han vitne til både svolt, tortur og sjølvmord. Boochani skreiv heile tida, og smugla ut tusenvis av tekstmeldingar. Dette er utgangspunktet for memoaren Bare fjellene er min venn. Boka, som nyleg kom ut på norsk, fekk strålande kritikkar og vann mellom anna Australias pris for beste sakprosabok i 2019. Boochani var ein av dei fengsla forfattarane publikum kunne skrive helsing til under postkortaksjonen på LitFestBergen i 2019.

Kva slag mottaking får menneske på flukt i vestlege samfunn i dag? Boochani deltar via videolink i sitt nye heimland New Zealand. Han møter tidlegare generalsekretær i NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkarar, Ann-Magrit Austenå og skribent, forleggar og menneskerettsforkjempar Kristina Quintano til samtale om flukt, fangenskap, fridom og litteratur.

I samarbeid med Norsk PEN.

Praktisk info

Enjoy-kode: 829010
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker