star
star
star
star
star

Flott rundtur frå Vevle eller Klubbelia over Rindakletten og Kleivelandsåsen

Ein kan starte ulike stadar men her går turen frå Vevle eit par 100 meter sørafor Vevlestova ved Motor Sport AS. Her tek ein ned skogsveg som går oppatt på hi sida langs elva. Eit lite stykke oppi...
Foto: Geir Johannessen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 487400
Til Vevle kjem ein lettast om ein tek hovudvegen (566/567) frå Osterøybrua eller Valestrand mot Lonevåg. Etter rundkøyringa på Hauge tek ein første veg til høgre, så første veg til høgre og atter første veg til høgre oppover dalen ca 1,9 km til vegen vidar seg ut med ein løe på nedsida av vegen og Motor Sport AS ligg rett framom på høgre side av vegen. Her kan ein parkere etter vegen. Til Klubbelia/Keiveland tek ein hovudvegen til Rundkøyringen på Hauge. Her tek ein mot Valestrand og så første veg til høgre. Ein tek så første veg til høgre og krysser over hovudvegen. Nett litt ovanfor kjem ein til krysset med veg til høgre til Klubbelia og rett fram til Kleiveland.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
7.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein kan starte ulike stadar men her går turen frå Vevle eit par 100 meter sørafor Vevlestova ved Motor Sport AS. Her tek ein ned skogsveg som går oppatt på hi sida langs elva. Eit lite stykke oppi brekka kjem ein til eit gamalt kvernhus som fekk vatn frå Vevlestemma rett ovanfor.

Vegen fortset oppover i ein sving rundt eit skur med trevirke og rett etterpå tek ein av frå grusvegen og inn til venstre ved ei metallgrind på ein overgrodd skogsveg. Eit stykke oppover svingar vegen og flatar ut bortetter. Så kjem ei ny brekke og der den flatar seg ut tek stigen av skogsvegen opp til høgre. Det kan vera litt vanskeleg å få auge på der stigen tek av, men det er merka med raude band.

Stigen svingar seg oppover til ein kjem til Vevleledet der det er grind gjennom Vevlegarden. Ein går gjennom den og gjennom ei ny grind til høgre og følge stien langs Vevlegarden oppover. Ner til Venstre ser ein Koppen, ein godt bevart gard, og det går ann å ta ein avstikkar ner der.

Ein kjem opp på ein flate, krysser denne og so ein liten kneik før ein følge stigen litt til venstre mor Rindakletten. Her er det flott utsyn mot Stemmeseggi, Såta, Hannisdalen og Valestrand.

Herifrå går ein nordover og på fin stig ned til Einliskaret. Frå botnen her hel me fram rett nordover og etter litt opp og ner kjem me til eit "vegkryss" der det er sett opp skilt. Tek ein til venstre her og følge blå merking eit par 100 m kjem eintil tuftene etter Einliskaren. Her er fint å ta ein pust i bakken.

Tilbake i vegkrysset føl ein stigen oppover Kleivelandsåsen. Etter å ha passert eit gjerde kjem ein ner på Bjørndalsmyra. Ein føl myre til enden langs høgre kanten. I enden av myra går ein rett fram og mellom/under nokon granar og kjem inn på stigen litt til høgre bakom granane. Her er det fin stig utover høgdedraget til ein er nede ved byggjefeltet i Klubbelia. Ein føl vegen nedover og tek til høgre når ein kjem ned i Kleivelandsvegen.

Om ein startar frå Klubbelia startar turen her.

Her tek ein til høgre oppover. Litt oppi brekka deler vegen seg ved postkassestativ og ein tek til venstre og følgjer den mens den svingar seg til høgre og går over til å verta ein god grusa skogsveg.

Der vegen svinar bratt oppei brekke til venstre går det stig rett fram. Føl ein den oppover forbi eit vassbasseng får ein etter ca 100 m grunnane etter floren på Dalaplasset. Opp til høgre bak floren ligg tuftene etter heimehuset. Her hadde dei på det meste ei ku, ti smalar men fødde likevel opp 8 born.

Tilbake på skogsvegen føl ein den til ein er tilbake på Vevle. Har ein starta i Klubbelia/Kleiveland kan ein følgje stiennedover til ein får metallgrinda på høgre hand og ta inn der som nevnt over, eller ein kan gå nokre 100 m til før ein snur oppover og sjå på kvernhuset og Vevlestemma

Vil du veta meir om turen og stadane og historien bak finn ein flott omtale i Osterøy sogelag si bok Turar på Osterøy, tur nr. 7.