FLIFLET/HAMRE 30 - med Bjørn Tomren

Denne våren har dei to kameratane Gabriel Fliflet og Ole Hamre strødd sine musikalske forundringspakkar over land og strand i 30 år. Med trekkspel, trommer, song, stepp og gryter. Alltid med stor...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
18.apr
2021
kl 19:30

Detaljer

Denne våren har dei to kameratane Gabriel Fliflet og Ole Hamre strødd sine musikalske forundringspakkar over land og strand i 30 år. Med trekkspel, trommer, song, stepp og gryter. Alltid med stor nyfikne og speleglede! Både Fliflet og Hamre er glade i å feire, og jubileet skal ikkje gå stilt forbi. Difor har dei invitert ein polkabjørn med på festen - nærare bestemt Bjørn Tomren, mellom anna kjend frå duoen Polkabjørn & Kleine Heine. Han passar perfekt inn i bergensduoen sitt motto ‘sære og populære’. Her skal det likast og musiserast! Øyrer skal vifte og raske augekast utvekslast.

Fliflet/Hamre sitt univers spenner breitt, frå originale tolkingar til energiske melodiar frå Balkan eller slagerar av Edvard Grieg, til dansemusikk frå Sør-Texas og undrande, lågmælte songar frå Vestlandet. Med Bjørn Tomren som stjerneven skal dette universet ekspandere ytterlegare. Han er ein mangfaldig kar, men mange vil nok oppleve ukjende sider ved Tomren, når han har sagt ja til å vandre nye stiar saman med herrane Fliflet/Hamre. Mottoet for konserten er lånt frå John Cleese: Fremad - i alle retningar. Les og lytt på www.fliflethamre.no Dørene opnar 18.30

Vi gjer oppmerksam på at det følgjer spiseplikt for dei som ynskjer å nyte alkohol. Hotellet sin tapastallerken kan bestillast her; https://scandicsunnfjord.ticketco.events/no/nb/e/tapas__reservert_bord__fliflethamre

Inntil vidare oppmodar styresmaktene om at berre folk som bur i Sunnfjord kommune går på konsertar i Sunnfjord. Vi beklagar!

Praktisk info

Enjoy-kode: 955186
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker