star
star
star
star
star

Flatsteinbu

Turen til Flatsteinbu er ein bratt topptur til platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreen. For å kome til Flatsteinbu går ein først opp til Kvamssetra innanfor....

Praktisk info

Enjoy-kode: 785441
Ta av fv 724 mot Kvamme. Følg deretter skilting.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
4 timer
Lengde
4.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen til Flatsteinbu er ein bratt topptur til platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreen. For å kome til Flatsteinbu går ein først opp til Kvamssetra innanfor. Dette er ein bratt etappe, men god sti gjer det til ei fin oppstiging. Frå sela på Kvamssetra flatar stien ut og ein held fram bakover Kvamsdalen. Her kan ein nyte utsikta både ned mot Oldedalen, men også innover Kvamsdalen mot fossen. Siste etappe kan vere litt krevjande då ein må gå bratt/klatre opp siste fjellpartiet. Det er montert fast kjetting og boltar i fjellet for å gjere oppstiginga enklare. På toppen finn ein Flatsteinbuhytta og ei sikringsbu. Hyttene er private, men opne for alle som vil bruke dei. Dei som overnatter på hytta legg pengar på bøssa eller fører over pengar til kontonr. 3770 10 28903 som oppgjer for overnatting og bruk av brensel og lys. Der er også gassoppvarming og kokemoglegheiter.

Flatsteinbu vart reist i 1969 av nokre ivrige oldedøler, og alt bygningsmateriale er bore opp til 1260 moh. Hytta vart restaurert og utbygd i 2005. Om ein held fram ca 10 minutt bakover fjellplatået frå hytta, kjem ein til eit flott utsiktspunkt der ein kan sjå Brenndalsbreen og fleire 100 meter rett ned i Brenndalen.