Fjordcruise med Tine Thing Helseth

Avslutinga på Festspela blir ei magisk oppleving av musikk, natur og lokalmat i ei herleg kombinasjon! Opplev Norges fremste trompetstjerne under fossane "Dei sju søstre", med eit program som kler...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
19.sept
2021
kl 14:00

Detaljer

Avslutinga på Festspela blir ei magisk oppleving av musikk, natur og lokalmat i ei herleg kombinasjon! Opplev Norges fremste trompetstjerne under fossane "Dei sju søstre", med eit program som kler fjorden og den dramatiske naturen som hand i hanske. På denne konserten har festspelsprofil Tine Thing Helseth med seg gitaristen Jarle Storløkken. Meisterkokk Kenneth Løken frå Brasserie Posten er med og gir oss ein smak av lekker lokalprodusert mat (inkludert i billettprisen).

M/S Geirangerfjord går frå Pir 1 i Geiranger sentrum. Båten går ut til Knivsflå og "Dei sju søstre", og konserten vil ta plass medan båten ligg i ro der. Etter konserten går båten tilbake til Geiranger.


Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no


SMITTEVERNTILTAK Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

Tine Thing Helseth

Foto: Anna-Julia Granberg

Praktisk info

Enjoy-kode: 539696
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.