star
star
star
star
star

Finnsåsen

Forholdsvis enkel tur til Finnsåsen som er grei å ta ein ettermiddag. Ca 1,5 time tur/retur i normal fart. Denne ruta kan startast fra ulike stader på Årdalstangen, men er her tegna inn frå...
Foto: Katrine Clausen Fredheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 567835
Køyre til steinknusaren mot Øvre Årdal, like før oppheving av 50-sona langs fv 53. Her er det mogleg å parkere.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Forholdsvis enkel tur til Finnsåsen som er grei å ta ein ettermiddag. Ca 1,5 time tur/retur i normal fart. Denne ruta kan startast fra ulike stader på Årdalstangen, men er her tegna inn frå Steinknusaren i Vassbugen, langs fv 53 mot Øvre Årdal. Her kan ein gå opp på rasvollen som er bygd og følge fin sti oppover på oppsida av bustadfeltet, der store deler av den er merka som "Tangen på Kanten"-ruta. På toppen av Tippen. kjem ein til eit stidele der ein kan gå til Lauvnes (kortare) eller opp mot Finnsåsen og Middagshaugen. Stien vidare oppover er merka med raudt, og kryssar elva før det går bratt oppover. Det er ikkje meir enn ca 1 km frå stidelet til toppen, men det stig nærare 300 høgdemeter på vegen, så det er periodisk ganske bratt og kan vere sleipt om det har regna. Det er lagt ut tau å halde seg i på dei mest utsette stadene. Når ein kjem til toppen er det løn for strevet og nydeleg utsikt mot Hurrungane, inn over Geisdalen, ned igjen til Årdalstangen og ut Sognefjorden heilt til Mannheller-Fodnes. Herfrå går stien vidare opp mot Middagshaugen. Hugs å skrive deg i boka som ligg i postkassen.

Ned igjen same veg som opp, men her har vi fulgt oransje merking ned igjen etter elvekryssinga som "Tangen på Kanten"-ruta, og ender opp ved rundkøyringa på Årdalstangen.