Faunens ettermiddag - ei musikalsk marionetteforestilling - Sundag kl 14

For fyrste gong her på Voss - truleg for fyrste gong her i landet – kan ein no få oppleva ei ekte dokketeaterforestilling med levande orkestermusikk til. Med «Faunens ettermiddag» av Wiebke Lüders...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

24.okt
2021
kl 14:00

Detaljer

For fyrste gong her på Voss - truleg for fyrste gong her i landet – kan ein no få oppleva ei ekte dokketeaterforestilling med levande orkestermusikk til. Med «Faunens ettermiddag» av Wiebke Lüders vil Fiddlesticks Figurteater og Orkesteret Fossegrimen visa at desse uttrykksformene kan koplast saman og med hjelp av tradisjonelt marionetteteater kan gje born, ungdom og vaksne ei ny og annleis oppleving av klassisk musikk.

Handlinga i spelet går føre seg i eit ope landskap ein varm sumardag. Det er både morosame og triste episodar, lukkeleg og ulukkeleg kjærleik mellom eit ungt par, mellom faunen og ei vakker nymfe. Her er med ein hund, ein påfugl, ein sommarfugl og andre rare skapningar. Stemninga er lys og luftig liksom musikken, som i hovudsak er fransk og norsk impresjonistisk musikk med verk av Claude Debussy, Erik Satie og David Monrad Johansen, men og av Frederic Chopin og Antonin Dvorak. Her er både solistverk og orkesterverk. Handlinga og rørslene til dei praktfulle dokkene som er laga til stykket gjer musikken lettare å skjøna både for store og små.

Kristina Hjetland, Astri Sudmann og Wiebke Lüders sjølv, fører dokkene i denne marionetteteaterforestillinga. Instrumentalsolister er Kato Flem (klaver), Helga Hjetland (fiolin), Edyta Bryk (fiolin), Håkon Asheim (bratsj), Ragnhild Sannes (cello) og Øystein Haga (fløyte). Dagfinn Rohde dirigerer Orkesteret Fossegrimen.

Det er eit heilt eineståande prosjekt vi byr på denne gongen, og vi kjenner oss trygge på at dette vil bli ei heilt ny og stor oppleving både for born og vaksne !

Praktisk info

Enjoy-kode: 828437
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Barn, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker