Erik Lukashaugen - Hans Børli og je // Sommarkveldar på Knudaheio

Sommarkveld i Knudaheio 18/6 Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Erik Lukashaugen - Hans Børli og je Arrangementet startar 18:00 Arrangementet varer 1 time og 15 minutt....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
18.jun
2022
kl 17:30

Detaljer

Sommarkveld i Knudaheio 18/6 Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Erik Lukashaugen - Hans Børli og je Arrangementet startar 18:00 Arrangementet varer 1 time og 15 minutt. Konserten vert spelt under open himmel, og vi bed publikum om å ta med eigne stolar. Erik Lukashaugen er ein av dei travlaste visesongarane i landet, mykje på grunn av tonsetjingane han har gjort av dikta til tømmerhoggar Hans Børli. Gjennom musikken og lyrikken tek elverumsingen publikum med på vandring inn i dei djupe granskogane, der viser om skogsarbeidarslit, allemannsrett, draumar og samfunnsengasjement vert serverte i skinet frå tyribålet. Lukashaugen er sjølv ein kritikarrost tekstforfattar som osar av hjartevarme og humor, ikkje minst i dialogen med publikum. Han har med seg to svært fingernemme våpendragarar som ved hjelp av ei rekkje instrument skapar både kjenslevare og viltre stemningar. Erik Lukashaugen - song, gitar Tarjei Nysted - fiolin, nøkkelharpe, mandolin, stroviol m.m. Bjørge Verbaan - trekkspel, piano, trøorgel m.m. Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord.

Praktisk info

Enjoy-kode: 205483
Type
Konserter
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.