star
star
star
star
star

Elvadalen, Munketrimmen

Parker ved Veisane barnehage. Derfrå går turen innover dalen på skogsveg. Innerst i dalen kjem ein nær dei to flotte fossane "Bjødnabykset" og "Skrikjo". Der er fint og setje seg ned og nyte...
Foto: Ivar Eidnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 529743
Parker ved Veisane barnehage. Ta av ved riksveg 13, enten ved kyrkja eller i sentrum.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Parker ved Veisane barnehage. Derfrå går turen innover dalen på skogsveg. Innerst i dalen kjem ein nær dei to flotte fossane "Bjødnabykset" og "Skrikjo". Der er fint og setje seg ned og nyte naturen på benken og gjerne skrive navnet sitt i boka som ligg i postkassen. Vidare går turen over Tveitane. På Tveitane finn ein gamle gropeholer frå Istida samt dyrkingsfelt og frukttrær. Til slutt går turen ned til bilen ved barnehagen. Om vinteren er dette ein flott skitur, vegen har også tilknytting til ljosløypa nedanfor Tveitane.

Elvadalen er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangørUTIL(Ullensvang turn- og idrottslag).