Else Skranefjell: "Ingen vil ha oss"

Else Skranefjell fortel frå dei to første binda i bokserien Ingen vil ha oss.I bind I møter me Jakob Goldschmied, tysk soldat, som kjem heim til Berlin i 1918. Tyskarane har tapt 1. verdskrig....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
15.mar
2021
kl 18:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 316444
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Else Skranefjell fortel frå dei to første binda i bokserien Ingen vil ha oss.I bind I møter me Jakob Goldschmied, tysk soldat, som kjem heim til Berlin i 1918. Tyskarane har tapt 1. verdskrig. Livet i fredstid blir vanskeleg til trass for at den jødiske familien lever godt av gullsmedforretninga si. Jakob og familien hans gjennomlever mellomkrigstida med superinflasjon, massearbeidsløyse og Krystallnatta. Bakteppet er nazistane sin frammarsj og Hitler sine aukande restriksjonar mot jødane. Flukt fra naziregimet blir etter kvart den einaste utvegen for å overleve.

I bind II er det den syriske familien al-Alai, me møter. Dei lever fredeleg ved Genesaretsjøen i Palestina. Men alt blir annleis i 1948 når den sjølvstendige staten Israel blir oppretta. Far og son flyktar til heimlandet sitt, Syria, men reiser tilbake att til Israel når krigen er slutt. I 2010 startar unge Shadi al-Alai å studere ved universitetet i Damaskus. Vi følgjer han frå starten på borgarkrigen i 2011 til han blir tvungen til å flykte frå Syria i 2015. Vil Noreg gi dei asyl?

Støtta av Fritt Ord. Gratis.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.