Aktuelle alternativer
Detaljer
Eid Kommune + Drittmaskin
CC: 250/300 ID: 18
EID KOMMUNE
EID KOMMUNE frå Nordfjordeid speler intens og energisk garasjerock av beste sort. Dei har etablert seg som eit forrykande live-band der både tekst og musikk treff rett i fleisen. I 2023 ga dei ut det sjølvtitulerte debutalbumet, og seint same år kom singlane "Du er eit svin" og "Tar det eg får".
Det siste året har dei bedrive omfattande konsertvirksomhet rundt om i landet, og no er tida endeleg komen for Bergen!
DRITTMASKIN
// DRITTMASKIN // har gjennom to plater og utallige singler (4-5 stk) etablert herredømme i sin eigen sjanger - SVARTPØNK. Sjølv om dei tidvis framstår meir som ein klesbutikk enn eit metallfenomen understrekar manager Karl-Erik Wilhelm Tistam at dei leverar sveitt, knallhard pønk til folket. Med litt flaks vil DRITTMASKIN klare å lire av seg opptil fleire minutt med skorpete svartpønk før ordoppkastar Grindadrap blir utvist, men ingen garantiar.
Vi lover smerte og svette, lite anna. Vel møtt, denne kvelden vil du ikkje gå glipp av!