Du og eg og dei to // Heimlund, Innvik

Du og eg og dei to - ein romantisk komedie om skilsmisse Heilt sidan Ann og Arne spleisa Pia og Per, har dei to vennepara hange saman. Dei har reist på sommarferie kvart år, oppdratt borna side...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

05.mar
2021
kl 19:00

Detaljer

Du og eg og dei to

  • ein romantisk komedie om skilsmisse

Heilt sidan Ann og Arne spleisa Pia og Per, har dei to vennepara hange saman. Dei har reist på sommarferie kvart år, oppdratt borna side om side og kosa seg på middagar hos kvarandre. Dei er lukkelege, borna er lukkelege. Men over en laurdagsmiddag og eit glas raudvin går bomba av: Per vil skiljast. I fleire år har han gått rundt og vore ulukkeleg. Både Ann og Arne er i sjokk. Det må vere ei misforståing. Midtlivskrise. Lett å rydde opp i, meiner dei. Pia er ikkje like sikker.

Herifrå skyt handlinga fart med komiske, absurde og rørande element. Den tar oss frå skitur i Alpane via mørke swingersklubbar og sykkelpunkteringar til boksetrening og alternativ familieplanlegging. Etter kvart kjem dei ultimate spørsmåla opp: Dersom Ann og Arne ikkje kjende Pia og Per så godt som dei trudde, kjenner dei då kvarandre? Kan det vere at Pia og Per forventar for mykje av kjærleikslivet etter nesten tjue år, eller forventar Ann og Arne for lite? Og kan ein eigentleg slå opp med sine beste venner?

Når denne skilsmissa går på scena, er det til å le seg skakk av.

Framsyninga varar i ca 1 time og 30 minutt.

Av: Marc Svahnström

Omsetjing: Tove Bakke Regissør: Philipp Stengele Visuell konsulent: Synnøve Ringdal Lysdesignar: Krystian Myska

Medverkande:

Idun Losnegård Torgny Aandreaa Tore Christian Sævold Christine Hope

Med atterhald om endringar.

Vi følgjer til eikvar tid retningslinjene til styresmaktene og det kan på kort varsel bli fleire tilgjengelege billettar.

TRYGT TEATERBESØK

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande
  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Ein bør berekne noko meir ventetid ved innslepp til framsyninga enn vanleg, og vi anbefaler å møte opp 30 min før framsyninga startar.

Vi ønskjer deg eit hyggeleg teaterbesøk og vi gler oss til å sjå deg!

Praktisk info

Enjoy-kode: 237272
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker