Eg er vinden

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet. Når framsyninga startar er dei i ein...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

24.okt
2021
kl 19:00

Detaljer

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet.

Når framsyninga startar er dei i ein båt ute på havet, der dei kjempar for å forstå kvarandre og for å skape meining. Kvifor ser dei så ulikt på verda, dei som eingong var så like? Og korleis kan dei setje ord på noko dei ikkje forstår?

Mange blir råka når ein person tek livet sitt, men dette er vanskeleg å snakke om. Når vi ikkje vågar snakke om psykisk helse, misser vi også evna til å gjere det.

Med denne framsyninga vil vi få fram og romme ein vanskeleg og samansett tematikk frå teaterscena. Eg er vinden tek oss med på ei meiningsfylt reise gjennom vennskap og glede som blir fletta i kvarandre, slik livet sjølv faldar seg ut i greiner av hendingar. Det gjev håp og styrke til å setje ord på det uforståelege.

Varighet: 75 minutter

Av: Jon Fosse

Regi: Nora Evensen

Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara

Med: Terje Ranes

Tore B. Granås

Forlag: Columbine Teaterförlag

Praktisk info

Enjoy-kode: 662664
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker