star
star
star
star
star

Dyrvedalen - Vola

Dyrvedalen – Volahytta. Distanse: 15,5 km (frå parkering / snuplass på skogsbilveg.) Estimert 5 timar gangtid (frå parkering) Turen startar ved skilt på Giljarhus der skogsbilveg tek av frå...

Praktisk info

Enjoy-kode: 376899
Bil / buss til Giljarhus i Dyrvedalen.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
14.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dyrvedalen – Volahytta.

Distanse: 15,5 km (frå parkering / snuplass på skogsbilveg.)

Estimert 5 timar gangtid (frå parkering)

Turen startar ved skilt på Giljarhus der skogsbilveg tek av frå Dyrvedalsvegen på vestsida av elva Dyrvo. Fortset langs bomveg ca 2 km til skilta parkering (450 moh). Skogsveg/traktorveg fortset 800 m til oppover til høgd 540 moh, men her er ikkje tillate å parkera. T-merka sti går vidare bratt oppover lia mot stølen Tunnaset (760 moh) Her flatar det litt ut og etter ca. 3,5 km jamn stigning passerer du Sledavarden og er no oppe på Volafjellet og turens høgaste punkt på ca 1300 moh. Sjølv på ettersommaren kryssar stien fleire snøfenner, so ver obs når det er dårleg sikt. Nedstiging på austsida av Brattefennene, med flott utsikt mot Store Volavatnet – Nedtsta Piksvatnet - Kvitanosi. Stien går her på ein fin rygg ned mot Vetla Volavatnet og er no nede att på ca 1000 moh. Passerer den idylliske stølen Volo, før det stig opp over Gråeskorvi og ned mot bru over utløp frå Nedsta Piksvatnet. Ved skiltstolpe etter bru er det ned ein bratt skrent og du er framme på Volahytta