Duo Ruut // torsdag

Førdefestivalen gler seg til konsert på Vesle Kinn! I år får den fine ølkaféen i Florø besøk av Duo RuutfråEstland. “Their music creates a soothing ambience, with every person in the room...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.jul
2023
kl 20:00

Detaljer

Førdefestivalen gler seg til konsert på Vesle Kinn!

I år får den fine ølkaféen i Florø besøk av Duo RuutfråEstland.

“Their music creates a soothing ambience, with every person in the room captivated by their synchronicity” - The List

Duo Ruut (Duo Kvadrat) – ungdommeleg folkemusikk. Dei er vener som samhandlar, men likevel to musikarar med ganske ulik bakgrunn og smak. Etter å ha funne ny inspirasjon i forfedrane sine folkemusikktradisjonar i 2017, sat Katariina Kivi og Ann-Lisett Rebane ein dag der, med ein estonisk zither midt mellom seg.

På den eine sida var det eit samantreff av mange ulike faktorar, på den andre eit resultat av mange år med eksperiment og akademiske studiar. Det nye instrumentet var ein frisk start for duoen, og baud på mange måtar å skape og meistre nye teknikkar på.

Det å komponere på eitt instrument gjev trange rammer, så Duo Ruut si største utfordring har vore å sleppe fantasien ut av boksen for å kunne mate musikken sin med nye og spennande idear.

I løpet av kort tid har Duo Ruut fått reise rundt i verda, og mellom anna turnert i Japan, spelt på prestisjefestivalen Celtic Connections i Glasgow, hatt konsert på WOMEX i Portugal, Trans Musicales i Frankrike og Eurosonic Noorderslag i Nederland.

Duo Ruut er heilt spesielle. Dei må opplevast, og dei kan lett bli ein av snakkisane etter årets festival!

Dørene opnar kl. 18.00, konsertstart kl. 20.00.

Hjarteleg velkomne!

Praktisk info

Enjoy-kode: 180520
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker